IMF Trosamfun

Trosamfunnet er ein del av Indremisjonsforbundet (ImF) som er ein evangelisk-luthersk misjonsorganisasjon med sentraladministrasjon på Bildøy og med krinsar, byforsamlingar og foreiningar ulike stader i Noreg. Trosamfunnet vart oppretta av ImF’s styre den 5.september 2009, basert på vedtak under ImF si generalforsamling i juli 2009.
 
IMF Trosamfunn:
Vart offisielt registrert den 4.november 2009.
 
Er eit formelt tilbod til dei som ønskjer å vere kyrkjerettsleg registrert, og som ikkje ønskjer å vere det gjennom andre kyrkjesamfunn.
 
Driv i samsvar med ImF sitt evangelisk lutherske grunnsyn og organisasjonen sine prinsipp.
 
Forstandarar og styre
 
Trosamfunet offentleg registrerte forstandarar som har avgitt erklæring om å føre medlemsregister og elles forvalte trussamfunnet sine plikter. Liste over forstandardar og styre finn du her.
Vedtekter
 
For å melde seg inn, forutset vi at ein identifiserer seg med organisasjonens formål og basis (komplette vedtekter finn du her, som pdf-fil).
Utmeldingsskjema
 
Vidare krev offentleg lov
at ein ikkje tilhøyrer eit anna trussamfunn
at ein er norsk statsborgar eller busett i Norge
at ein har fylt 15 år
Vi har lagt ut eit utmeldingsskjema som vi har fått frå Fylkesmannen i Hordaland. Dette vert og nytta ved utmelding av ImF Trossamfunn. Elles har dei ulike trussamfunn som regel eige utmeldingsskjema, om ein ønskjer å bruke det.
Innmeldingsskjema
 
Ein melder seg inn ved å skrive ut, signere og sende inn vårt eige innmeldingskjema (pdf-fil). Det er mogleg å verte medlem i trussamfunnet utan å oppgje fødselsnummeret, men det vert ikkje gitt tilskot for vedkomande.
NB! Nokre spør om ein kan melde seg elektronisk inn i ImF Trossamfunn. Så langt kan det gjerast ved å fylle ut og signere innmeldingsskjema, og så kan ein scanne inn (evt ta foto av det utfylte skjemaet om du har god mobil/kamera) og så sende det via epost til imf@imf.no. Lova seier at «Trudomssamfunnet fastset sjølv kva måte innmelding i samfunnet skal gjerast på», og så langt må vi ha ei signert innmelding via epost eller post.

Barn og medlemsskap

Barnet sitt medlemskap følgjer ikkje automatisk med når foreldra eventuelt melder seg inn i eit nytt trussamfunn. Foreldra må derfor sjølv sørge for at barnets medlemskap vert avslutta, og eventuelt melde barnet inn i foreldra sitt nye trussamfunn dersom dette er ønskjeleg. Her er nokre viktige poeng:
 
› Barn som vert fødde medan foreldra er gifte, høyrar til same trussamfunnet som foreldra.
 
› Barnet høyrer til same trussamfunn som mor frå fødselen av dersom foreldra ikkje er gifte.
 
› Offentleg lov seier vidare at når barnet er 12 år eller meir, skal det få seia si mening om innmelding eller utmelding, om det let seg gjera.
 
› Gifte foreldre som er medlem av ulike trussamfunn utanfor Den norske kyrkja, avgjer saman om barnet skal vere medlem eller høyre til eit trussamfunn, og eventuelt kva trussamfunn det skal vere.
 
› Dersom ein av foreldra er medlem i Den norske kyrkja, vil barnet tilhøyre denne kyrkja frå fødselen av. Foreldra må i så tilfelle gje melding dersom dei ikkje ønskjer at barnet skal tilhøyre Den norske kyrkja.
 
For å melde inn born som er under 15 år og fødde før foreldra melde seg inn, nyttar ein eige skjema (pdf-fil). Sjølv om lova seier at barn ved fødsel vert tilhøyrande same trussamfunn som sine gifte foreldre, er det vår erfaring at det offentlege sender oss melding om at fødselen har hendt, og barnet er dermed ikkje registrert hos oss. Derfor er det best at foreldra sender ei slik melding til oss.
 
Sjå her for andre avklaringar, eller til komplett lovtekst for «Lov om tros- og livssynssamfunn.» Ønskjer du heller skjema tilsendt i posten, ta kontakt med ImF.